Som tidlegare blir det påskequiz på heimesida til Bykle kommune også i år! I alt fire rundar skal gje ei løysingssetning.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 28.03.2024 09:32
Sist endra 28.03.2024 09:32

Den første bokstaven i kvart svar utgjer eit ord - med i alt fire rundar betyr det at løysingssetninga er på fire ord. Det blir nye rundar frå skjærtorsdag til og med 1. påskedag. I siste runde blir det lagt med ei lenke til e-posten ein skal sende svaret til. Vinnar blir trekt blant alle med rett løysingssetning.
Runde 1
- Saman med Gomorra kjent frå bibelsoga
- Bordsalt
- Tilfredsstillande
- Fransk møte
- Prisvurdering