Ordførar og varaordførar ber lokale verksemder invitere dei på besøk

Like sidan valet i fjor haust har Bykle-ordførar Hans Blattmann og varaordførar Merethe Hjemdahl saman med folk frå administrasjonen i Bykle kommune vore rundt i kommunen og vitja lokale verksemder. No vil dei ha fleire invitasjonar!

Ordførar Hans Blattmann og varaordførar Merethe Hjemdahl vil på fleire besøk til lokalt næringsliv. - Klikk for stort bileteOrdførar Hans Blattmann og varaordførar Merethe Hjemdahl vil på fleire besøk til lokalt næringsliv.

Dei har vore innom Bygdeservice, Bykle Vindu, landbruket og det meste ein kan tenke seg av det rikhaldige næringslivet i kommunen - men dei vil ha meir!

– For meg som ordførar er det viktig med tett kontakt og god dialog med vårt eige næringsliv. Besøk som det me har vore på er veldig nyttige, og legg til rette for endå meir samarbeid. Me ynskjer å få vite kva som fungerer, og kva som kan bli betre, og me er interesserte i tilbakemeldingane me får frå næringslivet, seier Hans Blattmann.

– Ta kontakt!

For verksemder som enno ikkje har hatt den politiske og administrative leiinga i Bykle kommune på besøk, er det altså bare å be om det. Då er det bare å vende seg til næringsavdelinga, både Signe Sollien Haugå og Markus Lund er klare til å legge til rette for vitjingar.

HER når du Sollien Haugå på e-post

HER når du Lund på e-post