Oppstartsseminar for stadutviklingsprosjekt i Bykle kyrkjebygd
Det blir skipa til oppstartsseminar med inspirasjonsforedrag og arbeidsverkstad i prosjektet om stadutvikling i Bykle kyrkjebygd på Bykle hotell måndag 14. oktober klokka 18-21.15.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 27.09.2024 10:12
Sist endra 27.09.2024 10:12
Bykle kommune skal gjennomføre ein stadutviklingsprosess i Bykle, det vil seie kyrkjebygda og grendene rundt. Kommunestyret vedtok prosjektplan i mars i år. Bykle kommune sin ambisjon er å få til ei berekraftig stadutvikling, og å operasjonalisere berekraftsmåla i ein småkommune-kontekst. Det betyr å utforme ein strategi med handlingsplan der ein skal kome opp med tiltak og grep å arbeide med og for fram mot 2030.
For alle interesserte
No blir det altså halde eit oppstartsseminar for prosjektet på Bykle hotell 14. oktober. Alle med interesse for satsinga er velkomne. I første del av samlinga blir det innlegg til inspirasjon, medan det i andre bolken blir arbeidsverkstad der alle kan kome med innspel. Det blir kveldsmat under samankomsten.