Opnar pop up gjenbruksbutikk på Hovden

Det opnar ein mellombels gjenbruksbutikk på Fjellgardstun (Ved Pizzabakeren) på Hovden frå 20. november til 15. januar. Seljarar kan kome med tinga sine alt frå måndag 17. november. Bak initiativet står Folkeakademiet Bykle, Bykle sokneråd og Bykle frivilligsentral, og med tilskot frå Valle Sparebank.

I butikken kan ein selge eigne varer eller ta turen innom kaffikroken for ein triveleg gjenbruksprat. Butikken tar imot det meste ein kan bere under armen – så lenge det er heilt, fint og reint. Seljar legg sjølv ut varene sine i opningstida, set pris på, og betaling skjer via Vipps.

For at butikken skal ha varer klare til opninga, kan dei som vil selje eller gje bort varer komme innom måndag, tysdag og onsdag (17.–19. nov) kl. 13:00–18:00 for å gjere klart klede, heimestrikk, glas og andre ting.

Inntekt frå sal går til drift

Ein kan òg donere varer til butikken. Inntekt frå sal går til drift. Overskotet blir nytta til gode lokale formål, bestemt av samarbeidspartane. Butikken atterheld seg retten til å takke nei til varer, så avklar gjerne med beteninga på førehand om ein er i tvil om kva som kan leverast.

Som privat seljar må ein signere samarbeidskontrakt med frivilligsentralen for å kome i gang.
For meir informasjon eller spørsmål – ta kontakt med Kultur og fritid på e-post: kultur@bykle.kommune.no eller tlf: 902 16 856.