Opnar bygdekafé i Bykle kvar torsdag frå og med 6. februar

Brynje-prosjektet i samarbeid med frivilligsentralen i Bykle kommune opnar no bygdekafé i Bykle. Staden er kantina til vaksenopplæringa ved rådhuset, kvar torsdag klokka 11.30-14.00. Første gongen kaféen blir skipa til er torsdag 6. februar.

Vidar Mortensen i Brynje-prosjektet og Merete Egeland i frivilligsentralen er klar for bygdekafé i Bykle kvar torsdag. - Klikk for stort bileteVidar Mortensen i Brynje-prosjektet og Merete Egeland i frivilligsentralen er klar for bygdekafé i Bykle kvar torsdag.

Der kan ein få seg ein kaffiskvett og noko må bite i, og samstundes slå av ein prat både med kjente og ukjente. 

– Me håpar at dette skal bli eit triveleg tilbod mange vil gjere seg nytte av, seier leiar i frivilligsentralen, Merete Egeland, og leiar av Brynje-prosjektet, Vidar Mortensen.

Prøveprosjekt

Bygdekaféen er eit prøveprosjekt.

– Tilbakemeldingane me får frå publikum blir veldig viktige. Viss folk bare er gode på å gje oss innspel kan me justere både tidspunkt og innhald alt etter som, seier Merete Egeland.

Så høyrer det med til historien at Aktiv på dagtid, no kalla Trimtreff, held fram som vanleg frå klokka 11-12 på samfunnshuset.