Opna gang- og sykkelvegen i Øyreviksbakkane i Bykle torsdag
Den nye 670 meter lange gang- og sykkelvegen i Øyreviksbakkane sør for Bykle sentrum vart opna torsdag - og det var ungdomen som hadde regien!
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 20.06.2025 13:34
Sist endra 20.06.2025 13:34
Sille Kjøstvedt, leiar i Bykle ungdomsråd, fekk æra av å klyppe snora for den nye gang- og sykkelvegen.
Alle foto: Signe Sollien Haugå
For då prosjektet til kring 3,5 mill. kr. skulle opnast, var det med ungdomsrådsleiar Sille Kjøstvedt som snorklyppar! Fastbuande og fleire av dei som har vore involverte i prosjektet samla seg til opningsfesten. 4.- 5. klasse ved Bykle barne- og ungdomsskule stod for underhaldninga, og der var helsingar både frå kommunen, Statens vegvesen og entreprenørverksemda Nomeland maskin AS.
– Etterspurt i mange år
Bjørn Erling Bakken Auestad helsa på vegne av Bykle kommune.
– Ei tryggare ferdsleåre frå sentrum og ned til badeplassen ved Storetjønn har mange venta på i mange år. Dette er både eit positivt nærmiljøtiltak, og det betrar sjølvsagt trafikktryggleiken, sa han.
Han peika på sers god samhandling mellom kommunen og vegvesenet.
– Dette er eit spleiselag, og prosessen har vore god. Det har teke eitt år og 20 dagar frå vedtak om byggjing til me står her no. I dag vil eg rette ei stor takk til grunneigarar og Statens vegvesen, var noko av det Bakken Auestad sa under opninga.
Etter alle helsingar vart det is og brus, kaffi og bollar på dei frammøtte.