Open stall i Fjellgardshallen i sommar
Det har vore og er ope i Fjellgardshallen på Hovden i sommar som eit samarbeid mellom rideklubben og Brynje-prosjektet i Bykle kommune. Mange har nytta tilbodet.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 31.07.2025 10:10
Sist endra 31.07.2025 10:10

Ordninga har fått støtte til prosjektet "Stallen som aktiviseringsarena", som rideklubben i samarbeid med Brynjeprosjektet har fått støtte til frå NAV og Helsedirektoratet. Kvar måndag frå klokka 16-18 gjennom sommarferien er det ope - der kan dei som kjem vere med på stell av hest og andre aktivitetar i hallen.