Ope møte om omleggjing av Rv9 ved Hovden sentrum i Hovden grendehus onsdag 16. oktober

Statens vegvesen og Bykle kommune samarbeider om gjennomføring av omleggjing av riksveg 9 utanfor Hovden sentrum. Onsdag 16. oktober klokka 18 blir det ope møte om prosjektet i Hovden grendehus.

Vegen forbi Hovden skal leggjast utanfor sentrum. Onsdag 16. oktober blir det ope møte om prosjektet i Hovden grendehus. - Klikk for stort bileteVegen forbi Hovden skal leggjast utanfor sentrum. Onsdag 16. oktober blir det ope møte om prosjektet i Hovden grendehus.

Omleggjinga av vegen er del av prosjektet sentrumsutvikling Hovden. På møtet blir det både informasjon og høve til å kome med innspel og ynskje om tilpasningar i høve krysningspunkt for mjuke trafikantar og anna Statens vegvesen kan ta med seg vidare i prosjekteringa.

– I møtet vil ein også kome inn på trafikk- og miljøtiltak og stadutvikling av Hovden sentrum, og kva opningar Bykle kommune har for å gjere sentrumsområdet meir attraktivt som møtestad og handelsstad i åra som kjem, seier plansjef i Bykle kommune, Signe Sollien Haugå.

Møtet kan følgjast på Teams via denne lenka