Om tungtvassaksjonen på kulturkafé i Bykle 20. november

I august var Bykle ungdomsskule på tur til Rjukan. Der imponerte guiden Tor Nicolaysen så mykje at no er han invitert til kulturkafé i Bykle samfunnshus onsdag 20. november klokka 18. Der skal det handle om den vidgjetne tungtvassaksjonen mot Norsk Hydro sitt anlegg på Vemork under andre verdskrigen.

Frå skuleturen til Rjukan. No blir det kulturkafé med tungtvassaksjonen som tema. - Klikk for stort bileteFrå skuleturen til Rjukan. No blir det kulturkafé med tungtvassaksjonen som tema. Bykle kommune

Tungtvatn er ein viktig bestanddel i produksjon av atombomber, i alle fall var det slik tidleg i atomalderen. Det var bakgrunnen for at dei allierte under krigen kom fram til at anlegget på Vemork måtte øydeleggjast, i og med at alt som vart produsert der vart teke av tyskarane. Resten er, som det heiter, historie. Eit av dei mest spektakulære sabotasjeoppdraga under heile krigen vart utført av norske soldatar - og i samfunnshuset i Bykle får ein høyre meir om den spennande historien.

Minikonsert

Bykle songlag feirer 25 år og kjem til samfunnshuset med ein minikonsert på programmet. Dirgent er Pavlina Kirilova Sikjova. Chananya Haugen sel mat i kaféen denne kvelden.