Om stadnamn på kulturkafé i Bykle samfunnshus

Finn E. Isaksen er pensjonist etter mange år i Statens kartverk, der han jobba med stadnamn. På kulturkaféen i Bykle samfunnshus onsdag 20. mars klokka 18 fortel han om arbeidet sitt.

Ein ser stadig at det å bestemme stadnamn ikkje er noko enkel sak. Meiningane er mange, kjenslene kan vere sterke, og midt oppe i dette har altså Isaksen operert. I løpet av samankomsten blir det også informasjon om prosessane i namnesaker og korleis ein kan foreslå endringar, og det blir drøfta prinsipp og konkrete innspel om aktuelle namnesaker i Setesdal.

Samarbeidsarrangement

I samfunnshuset kjem Chananya Haugen og serverer thaimat i kaféen. Arrangementet er eit samarbeid mellom Setesdal Sogelag, Bykle Mållag og kultur og fritid i Bykle kommune.