Om myter og musikk frå Setesdal på kulturkafé i Bykle samfunnshus
Det skal handle om mytene og musikken frå Setesdal når lokalhistorikar Leonhard Jansen kjem til kulturkafé i Bykle samfunnshus onsdag 22. januar.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 20.01.2025 14:49
Sist endra 20.01.2025 14:49
Lokalhistorikar Leonhard Jansen kjem til Bykle samfunnshus onsdag 22. januar.Arrangementet tar til klokka 18. Jansen skal beint og greitt bryne mytene om det isolerte folkeferdet i Setesdal mot evolusjonsteorien!
Tradisjonsspel
Som kulturell ramme rundt foredraget formidlar Stina Brandin Hovet tradisjonsspelet. Kaféen er open, og heile samankomsten er open for alle.