Aleksander Read (t.v.) og barnehageleiar i Valle kommune, Torgeir Helle, under It takes a Village".
Valle kommune
Både foredragshaldarar og ikkje minst arrangørar bak dagen leverte i soknehuset laurdag - det vart difor både fagleg påfyll, tid til ei røe og ein dag der dei som var med fekk kjenne på eit fellesskap bunde opp mot målet om å gjere oppvekstvilkåra til borna våre så gode som råd.
Gleding i staden for mobbing
Først ut var Karianne Amlie Wahlstrøm, som tok for seg temaet gleding: korleis vi kan skape robuste barn og gode fellesskap gjennom empati, glede og positive handlingar. Ho minna oss om at vi ofte legg merke til utagering og det som ikkje fungerer – men at vi får meir igjen for å rette merksemda mot det gode.
– Det motsette av mobbing er gleding, streka ho under, og oppmoda alle til å bygge eit miljø der dei gode handlingane blir lagt merke til, delt og feira.
Om svevn, kosthald og krafta i flokken
Neste foredragshaldar var folkehelsedirektør Vegard Nilsen, som tok opp tema som mange foreldre kjenner seg igjen i. Han peika på at premissane for barn si helse og utvikling blir lagt heime – og at vi ikkje alltid klarer å følgje dei kosthaldsråda som er anbefalte. Han løfta òg fram kor viktig svevn er: hjernen treng ro for å restituere, og utan nok svevn kjem korkje læring eller trivsel på plass. Eit tankevekkande funn han presenterte, var at aktivitetsnivået til born går ned med heile 40 prosent i overgangen frå barnehage til skule. Dette gjer det ekstra viktig å sikre fysisk aktivitet i skulekvardagen.
– Vi er avhengige av flokken, sa Nilsen – og meinte at både familien, nærmiljøet og skulen må samarbeide tett for at born og unge skal få gode vilkår.
Turmagien som samlar oss
Til slutt tok Aleksander Read, kjent mellom anna frå “Mina og meg” på TV2, publikum med inn i turmagien – dei små og store augneblinka som oppstår når vi set bort kvardagsstresset og vender oss mot naturen og kvarandre.
Han delte erfaringar frå livet ute, og kor mykje det betyr å velje fellesskap framfor isolasjon – og natur framfor skjerm.
– Vi må velje kvarandre – og vi må velje naturen, var bodskapen hans.
Takkar for alle bidrag
Valle kommune takkar alle som møtte opp og bidrog til ein dag med refleksjon, læring og gode samtalar. It takes a Village handlar om at vi alle har ein rolle i å skape eit trygt og inkluderande lokalsamfunn – og gjennom slike møteplassar står vi endå sterkare saman.
Karianne Amalie Wahlstrøm.
Valle kommune
Folkehelsedirektør Vegard Nilsen.
Valle kommune