Offentleg ettersyn - endring av forskrift om nedsett konsesjonsgrense

Bykle kommunestyre vedtok i møte den 18.02.2021, sak 19/21, å endre lokal forskrift om nedsett konsesjonsgrense etter konsesjonslova § 7, Bykle kommune. Endring eller oppheving av forskrift skal leggjast ut til offentleg ettersyn. 

Endring av forskrifta kjem på bakgrunn av eit kommunestyrevedtak som omhandla om anna endring av fleire felt innanfor detaljregulering for Stussli bustadfelt, frå bustad til bustad/næring. I tillegg er det behov for å endre på teksten i forskrifta, då fleire av planane som blir referert til er utgåtte og erstatta av nyare planar.

Gjeldande forskrift kan ein sjå HER

Bykle kommune legg forslag om endring av forskrift for nedsett konsesjonsgrense etter konsesjonslova § 7 for Bykle kommune ut til offentleg ettersyn på kommunens heimeside og gjennom annonse i Setesdølen. Merknader kan sendast på e-post til: postmottak@bykle.kommune.no eller i post til Bykle kommune, Sarvsvegen 14, 4754 Bykle. 

Frist for merknader er sett til 31.07.2024. Saka blir no lagd ut til offentleg ettersyn før handsaming i kommunestyret.