Nytt utfall av mobilnettet i Bykle kyrkjebygd i dag onsdag 12. november
Mobilnettet i Bykle kyrkjebygd er borte i dag onsdag 12. november, slik det var sundag 9. november, på grunn av oppgraderingsarbeid på nettet i regi av Telenor. Det er uvisst når dekninga er i orden att.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 12.11.2025 10:45
Sist endra 12.11.2025 10:45

Det er no svært mangelfull mobildekning rundt om dei fleste stader i Bykle kyrkjebygd. Situasjonen gjeld alle som har abonnement i Telenor - og det er uvisst kor lenge dette kjem til å vare.
Ulike tiltak
Sentralbordet i Bykle rådhus er nede. Bykle kommune har oppretta kontaktpunkt på Bykle sjukeheim med satelittelefon - frå den basen kan kommunen vere i dialog med naudetatar og liknande.
– Viss folk ikkje får kontakt på telefon elles rundt om i Bykle, og har behov for helsehjelp, er rådet å køyre oppover mot Hovden eller nedover mot Valle kommune, der dekninga ikkje er påvirka, seier beredskapsansvarleg i Bykle kommune, kommunedirektør Karina Sloth.
HUGS - HAR EIN VANLEG INTERNETT I HEIMEN KAN EIN SLÅ PÅ WIFI-ANROP PÅ TELEFONEN SIN OG NYTTE WIFI FOR Å TELEFONERE - ELLER EIN KAN RINGE VIA MESSENGER!