Nytt infomøte om Miljøfyrtårn-satsing

Som me har fortalt om støttar Bykle kommune lokale verksemder som vil bli sertifisert som Miljøfyrtårn. Somme verksemder er alt med, men det er rom for fleire. Tysdag 27. februar klokka 08 blir det nytt teamsmøte for interesserte verksemder. Der blir det både tid til informasjon og spørsmål. Linken til møtet finn du HER

Bykle kommune støttar verksemder som vil bli Miljøfyrtårn. - Klikk for stort bileteBykle kommune støttar verksemder som vil bli Miljøfyrtårn. Ole Birger Lien

Bykle kommune støttar kvar verksemd som kjem med med ei kurspakke til 10.500 kr. Fristen for påmelding er sett til 28. februar. Oppstartsmøter blir halde individuelt via Teams før første samling. Torsdag 7. mars klokka 13-15 er det fysisk samling, på Hovden. Dei tre andre samlingane er via Teams, 19. mars, 3. april og 18. april, alle gongene klokka 13-15.

Rettleiing og sluttkontroll

– I tillegg til HMS-system verksemdene eventuelt må betale litt for kan ein få rettleiing og sluttkontroll før sertifisering. Timepris for konsulent er sett til 1050 kr. pluss mva, dagrate for 7,5 timar er 6300 kr. pluss mva.  Desse prisane er rabatterte, seier rådgjevar Markus Lund.

 

Det er også etableringskostnadar. 

Dei kan ein lese meir om HER

HER kan ein melde verksemda på!