Nye open dør-rundar for Bykle-ordføraren
Bykle-ordførar Hans Blattmann har hatt fleire runder med open dør både i Bykle rådhus og Hovdetun der den som vil den kan troppe opp utan avtale og få drøfta stort og smått. No er det klart for ein ny runde.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 28.03.2025 10:45
Sist endra 31.03.2025 09:42
Bykle-ordførar Hans Blattmann er klar med ny runde open dør-praksis.
Ole Birger Lien
– Eg tykkjer det er nyttig med slike dagar der den som vil det bare kan kome innom. Så lettvint skal det i grunnen vere, og eg er veldig for kort avstand mellom me som er folkevalde og alle andre, seier Blattmann.
Frå fredag 11. april
Neste runde tar til fredag 11. april klokka 08-10 er det i Bykle rådhus ordføraren tar imot. Så er det måndag 28. april klokka 08-11 i Hovdetun, tysdag 13. mai klokka 08-11 i Bykle rådhus, tysdag 20. mai klokka 08-10 i Hovdetun og onsdag 28. mai klokka 12-14 i Bykle rådhus som utgjer resten av “vårrunden” med open dør.