Nye knallresultat for Bykle-barnehagane

Det har blitt gjennomført nye nasjonale undersøkingar om kvaliteten i barnehagar, og som det har vore vanleg dei siste åra skårar barnehagane i Bykle skyhøgt på alt frå borna sin trivsel til kommunikasjon mellom barnehagane og foreldra.

Barnehagane i Bykle kommune, som her i Bykle, skårar høgt i nasjonal undersøking. - Klikk for stort bileteBarnehagane i Bykle kommune, som her i Bykle, skårar høgt i nasjonal undersøking. Ole Birger Lien

I så og seie alle kategoriar ligg Bykle barnehage og Fjellgardane barnehage høgare enn snittet i poeng både nasjonalt og i Agder. Det er sett på ulike kriterie som ute- og innemiljø, relasjon mellom born og vaksne, trivsel, utvikling, medverknad, og til slutt kor nøgd ein er totalt sett. Over heile linja er poenga for barnehagane øvst i dalen høge.

– På topp totalt sett

I kategorien for kor nøgd ein er totalt sett er gjennomsnittleg poengsum på landsbasis 4,5. I Agder er talet 4,6. Nokre få kommunar skårar 4,8 poeng, mellom andre Bykle. På ute- og innemiljø er nasjonalt snitt 4,2. I Agder er toppresultatet 4,3 - Bykle skårar 4,6. I kategori etter kategori ligg kommunen øvst eller i tetskjiktet.

– Desse resultata er flotte, og dei stadfestar inntrykket me har av nøgde born og ikkje minst god dialog mellom barnehagar, kommune og foreldre. Så må det vere lov å kyte litt av dei tilsette, for dei gjer ein formidabel jobb. Dei er genuint interesserte i å levere gode resultat. Då er det moro å vere leiar, seier Caroline Rysstad.

Stolt kommunedirektør

Kommunedirektør i Bykle, Karina Sloth, gler seg over gode resultat.

– Barnehagane i Bykle leverer år etter år, og det er så moro! Så skal me som kommune leggje til rette, men det er borna, dei tilsette og foreldra som utgjer grunnmuren her.  All ære til dei alle saman. Borna er det viktigaste me har, og desse resultatat viser kor godt arbeid som blir lagt ned her, seier ho.

Kommunedirektør i Bykle, Karina Sloth, gler seg over gode resultat i barnehagane. - Klikk for stort bileteKommunedirektør i Bykle, Karina Sloth, gler seg over gode resultat i barnehagane. Ole Birger Lien