Nye Hovden badeland opnar laurdag 27. september!
Det blir full fres dagen lang laurdag 27. september - då opnar nemleg nye Hovden badeland etter oppgraderingar og ikkje minst nybygg med spektakulære dimensjonar!
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 22.09.2025 13:32
Sist endra 22.09.2025 13:32
Hovden badeland
Med alt frå utomhus bassengakvedukt med glas i kanten og enden ut mot elva til stupetårn, svære basseng og det meste ein kan vente seg i eit moderne badeland, er det sydd saman eit tettpakka program for sjølve opningsdagen. Det blir garantert ein festdag, og aller mest for dei som vil bade eller på anna vis kaste seg ut i det!
Ordføraren opnar
08.50 gnur hornmusikken i gang med rytmisk oppvarming, assistert av Bjørnis og Tussetrollet, før ordførar Hans Blattmann står for den høgtidelege opninga. Det høyrer med til historien at den første i køen denne morgonen får ein gratis familiebillett for fire personar. Klokka 09.10 opnar dørene for alle. Dei som er i sving på badeland viser rundt i det nye anlegget.
Is til alle
Tussetrollet og Bjørnis deler ut is til alle, det blir skipa til sklietevlingar og mykje moro - ikkje minst med såkalla give aways! Dagen gjennom går det slag i slag med ulike aktivitetar.
– No håpar me at folk går mann av huse for å få opninga med seg. Me ser veldig fram til å kome i gang, seier dagleg leiar i Hovden badeland, Torvald Gautland.
Hovden badeland