Nye aktivitetar i Bykle frå neste veke av!

Aktiv på dagtid smell til med fleire nye aktivitetar i Bykle frå neste veke - det er klart for både foreldretrim og trimgruppa Sterke saman!

Tysdag startar foreldretrim opp i gymsalen i Hovden grendehus. Gruppa skal samle seg kvar tysdag framover, og tida er klokka 11-12. Opplegget er spesielt utvikla for den som mer nybakt eller komande forelder - og der ein kan trene styrke og vere i aktivitet. Foreldretrim er for både mor og far! 

Trimgruppe

Torsdag i neste veke startar også trimgruppa opp. Her handlar det om kondisjon, balanse og musklar, og i gymsalen i Bykle samfunnshus blir det samling annankvar torsdag mellom klokka 11-12. Stine Rambekk Gulowsen er instruktør.

Volleyball

I tillegg til foreldretrim og trimgruppe gjennom Aktiv på dagtid har det kome eit privat intiativ som no resulterer i ei volleyballgruppe for ungdom og vaksne. Det blir samlingar i gymsalen i Hovden grendehus torsdagar klokka 19.30-21.00.

– Det finst meir informasjon om aktivitetane på Spond. No håpar me at mange blir med, seier leiar i Bykle frivilligsentral, Stine Rambekk Gulowsen.