Nye 350.000 kr til Brynje-prosjektet

Bykle kommune ved Brynjeprosjektet blei tidlegare i vår tildelt kr. 450.000 kr frå Helsedirektoratet til ulike inkluderingsaktivitetar. Fleire av aktivitetane på Hovden vil skje i samarbeid med Bykle og Hovden Rideklubb og stallen der. Samarbeidet med kommunen ga moglegheit for klubben til å søkje på ytterlegare midlar frå NAV. No har svaret kome: nye 350.000 kr inn på konto!

Brynje-prosjektet har fått nye 350.000 kr. til lågterskel arbeidstrening. Frå venstre: Heidi Lysdahl, Sebbe, Agnes Fosse Hovden, leiar av Frivilligsentralen Stine Rambekk Gulowsen, og Vidar Mortensen Bykle kommune

– Me såg at dei ålmenne aktivitetane og møteplassen her i rideklubben kunne nyttast som utgangspunkt for å tilby lågterskel arbeidstrening, blant anna til flyktningar. Det gjorde at rideklubben kunne sende ein eigen søknad til NAV om tilskott til lønnsmidlar for individuell oppfølging av arbeidstreningskandidatar, og denne søknaden gjekk inn. Begge desse prosjekta samla gjer at me kan tilby ei mykje større inkluderande totalpakke, strekar styreleiar Agnes Fosse Hovden under.

Heilskapeleg tilbod

Det er Heidi Lysdahl som skal vere prosjektleiar for satsinga.

– Eg har jobba som ridelærar i Fjellgardshallen i tre år no. Frå tidligare har eg sjølv drive ein «Inn på tunet gård» sidan 2009, og eg har vore avdelingsleiar i Kvito som er ei arbeidsinkluderingsbedrift i Vinje. Desse erfaringane i kombinasjon med ridelærar og hestetrenar gjer at eg trur vi kan tilby eit heilskapeleg og godt tilbod til dei som skal vere hos oss. Det aller mest grunnleggande i denne typen arbeid er å gje deltakarane meistringsfølelse slik at dei ynskjer å kome tilbake neste gong. Alle mennesk liker å kjenne på meistring, men for dei vi ynskjer å hjelpe i dette prosjektet betyr det ekstra mykje då fleire har med seg ekstra utfordringar. Eg gler meg til å kome i gang med prosjektet og håpar me kan vere med å gje nokon ein fin og lærerik sommar, seier Lysdahl.

Nøgd prosjektleiar

Prosjektleiar i Brynje-prosjektet Vidar Mortensen er svært nøgd med at satsinga no kan famne fleire.

– Samarbeidet med rideklubben er eit godt døme på korleis kommunen kan gå saman med lag og foreiningar for å byggje gode, inkluderande sosiale møteplassar med mykje innhald. Viss andre friviljuge organisasjonar har idear dei ynskjer å utvikle, er me særs interessert i å høyre frå dei, slår han fast.

Prosjektet startar opp i juni og vil samarbeide med Flyktningetenesta, NAV, Frivilligsentralen, og andre relevante tenester i kommunen.

Interesserte kan kontakte Heidi på e-post: heidilys@yahoo.no eller telefon 952 34 646.

Brynjeprosjektet kan kontaktast her:
vidar.mortensen@bykle.kommune.no

Tlf: 924 16 961