Ny runde med passbilen til Setesdal
Til hausten er det klart for ein ny runde med passbilen til Setesdal. Alt no kan ein inn og tinge time.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 30.06.2025 14:03
Sist endra 30.06.2025 14:03

Passbilen kjem til politikontoret i Valle 10. november klokka 12.30-15.15 og 11. november klokka 08.15-15.00. Bilen flyttar seg så til Evje med tid 12. november klokka 08-15.30 og 13. november klokka 08.00-15.30.
Time må tingast på www.politiet.no - HER
– Viss ein treng hjelp til å bestille er det varee å ringe Valle og Bykle politistasjon på tlf 38136850 eller kome innom. Ein må ha med mobiltelefonen sin, for det kjem ein kode inn på det som ein treng i samband med bestillinga, seier politioverbetjent i Valle og Bykle, Dag Hovden.
Han legg til at det no elles også er god kapasitet på passkontoret i Kristiansand, også på ettermiddag/kveld måndag-torsdag og dagtid på laurdagar.