Ny runde med open dør hjå ordføraren
Bykle-ordførar Hans Blattmann har hatt fleire runder med open dør både i Bykle rådhus og Hovdetun der den som vil den kan troppe opp utan avtale og få drøfta stort og smått. No er det klart for ein ny runde med avspark i morgon fredag 11. april.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 10.04.2025 14:36
Sist endra 10.04.2025 14:36
Det er klart for ny runde med open dør hjå Bykle-ordførar Hans Blattmann.
Ole Birger Lien
– Eg tykkjer det er nyttig med slike dagar der den som vil det bare kan kome innom. Så lettvint skal det i grunnen vere, og eg er veldig for kort avstand mellom me som er folkevalde og alle andre, seier Blattmann.
Frå i morgon
Neste runde tar altså til i morgon fredag 11. april. Klokka 08-10 er det i Bykle rådhus ordføraren tar imot. Så er det måndag 28. april klokka 08-11 i Hovdetun, tysdag 13. mai klokka 08-11 i Bykle rådhus, tysdag 20. mai klokka 08-10 i Hovdetun og onsdag 28. mai klokka 12-14 i Bykle rådhus som utgjer resten av “vårrunden” med open dør.