Ny rådgjevar byggesak i Bykle kommune

Marius Andersen frå Risør er tilsett i full stilling som rådgjevar byggesak i Bykle kommune.

Marius Andersen er tilsett som rådgjevar byggesak i Bykle kommune. - Klikk for stort bileteMarius Andersen er tilsett som rådgjevar byggesak i Bykle kommune. Ole Birger Lien

36-åringen, som har budd fleire år på Hovden tidlegare i livet, er utdanna tømrar og har spesialisering mellom anna innan bygg- og informasjonsmodelering, tar no til i jobben.

– Dette ser eg veldig fram til. Bykle kommune er ein spennande stad å arbeide for den som skal drive med byggesak, seier han.

Andersen er oppteken av å levere.

– Det gjeld både opp mot arbeidsgjevar og alle dei som held på med byggeprosjekt. Auka kompetanse er også eit delmål. No er eg glad for å ha kome i gang, og ser fram til å bli kjent med folk både i kommunen men også rundt i bygd og grend, seier han.