Ny rabatt på tannbehandling for alle mellom 25-28 år i Agder
Frå 1. mars i år får alle mellom 25-28 år i Agder 75% rabatt på naudsynt tannbehandling i den offentlege tannhelsetenesta. Rabatten er vedteken i Stortinget i statsbudsjettet for i år.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 20.03.2025 09:54
Sist endra 20.03.2025 09:54

Rabatten er tilsvarande den alle mellom 19-24 år har i dag.
– For meir informasjon om tilbodet og korleis ein kan gjere seg nytte av det, vil eg oppmode folk om å ta kontakt med næraste offentlege tannklinikk, seier verksemdsleiar for tannhelsetenesta i Agder fylkeskommune, Svein Resset.
Individuell vurdering
Omfanget av tannhelsetilbodet skal basere seg på individuell vurdering av den enkeltes behov. For dei i Noreg med mellombels opphald er det krav om fem års butid i landet.
Her er meir informasjon om saka.