Ny leiar i Bykle frivilligsentral
Stine Rambekk Gulowsen er tilsett som ny leiar Bykle frivilligsentral i eit eittårig vikariat. Ho er alt i gang i stillinga.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 26.05.2025 14:16
Sist endra 26.05.2025 14:16
Stine Rambekk Gulowsen.
Privat
Rambekk Gulowsen er opphaveleg frå Skien, men har mellom anna budd i Kristiansand som student. Ho har bakgrunn innan alt frå pedagogikk til ernæring, og har mastergrad innan folkehelsevitskap. Ho er også sertifisert “sterk og stødig”-instruktør for seniorar. I tillegg har ho styreerfaring frå UIA, og har jobba med born og unge.
– Det er gjennom det frivillige me har aktivitetar utanfor jobb og skule. Frivillig innsats bind samfunna saman, seier ho.
Stine strekar under at frivillig arbeid også fremjer folkehelsa.
– Akkurat det brenn eg for, og eg er glad eg får jobbe med dette i frivilligsentralen i Bykle, seier ho.
Kiosken på Hegni
Stine Rambekk Gulowsen er alt i gang med å sikre drift på alt frå Aktiv på dagtid til språkkafé og bygdekafé.
– Så ser eg fram til å drive kiosken på Hegni i sommar med lokal ungdom og andre frivillige. Eg har alt møtt mange flotte menneske som brenn for bygda si, og eg kjenner meg veldig godt motteken. Så er eg alltid open for innspel om aktivitetar eller anna, dei som vil nå meg kan sende ein epost på stine.rambekk.gulowsen@bykle.kommune.no
seier ho.