Ny kommuneoverlege i Bykle og Valle

Frå 1. mars er Benedicte Severinsen ny kommuneoverlege i Bykle og Valle. Ho tar over stillinga etter Kjetil Juva.

Benedicte Severinsen er ny kommuneoverlege i Bykle og Valle. - Klikk for stort bileteBenedicte Severinsen er ny kommuneoverlege i Bykle og Valle. Den norske legeforening

Severinsen er almennspesialist og fastlege ved Bykle legekontor. Frå 1. mars skal ho arbeide i 50% stilling som kommuneoverlege og 50% som fastlege. Helene Hovden er nytilsett fastlege i 100% stilling. Ho er spesialist i nevrologi og for tida i spesialisering i almennmedisin.

Ny fastlege

Pasientane som har hatt Severinsen som fastlege, får automatisk Hovden som fastlege frå 1. mars. Viss ein ynskjer å behalde Severinsen som fastlege, må ein gå inn på HelseNoreg og velje henne. 

– Viss ein treng hjelp til dette kan ein kontakte legekontoret sitt, seier konstituert tenesteleiar helse i Bykle og Valle, Ragnhild Hoslemo.

3. mars tar nye turnuslegar til i Bykle og Valle. I Bykle kjem Sigurd Zha, i Valle Michael Johanson.

Helene Hovden er tilsett som ny fastlege i Bykle og Valle. - Klikk for stort bileteHelene Hovden er tilsett som ny fastlege i Bykle og Valle.