Ny høyring av planforslag for Hegni

 Ny høyring av planforslag for områdereguleringsplan for Hegni (planID 202105). I samsvar med plan- og bygningslova § 12-10 blir revidert forslag til områderegulering for Hegni, planID 202105, sendt ut på ny høyring etter handsaming i planutvalet, SAK 156/24.

I samband med handsaminga av kommuneplanens arealdel i 2019 vart det peikt på at Hegni-området treng ei vidare utvikling med omsyn til aktivitetar og attraksjon. Området er særs verdifullt, og mange har meiningar om kva som bør skje vidare i området. Det blei difor satt i gong eit arbeid med moglegheitsstudie for Hegni vinteren 2021. Eit moglegheitsstudie blei levert til kommunen juni 2022, og denne blei fulgt opp ved at eit arbeid med områderegulering av område blei igongsett.

Planen var på offentleg ettersyn i to alternativ frå 08.05.2024 til 08.08.2024. Planen er på bakgrunn av motsegn og føresegn omarbeidd til eit revidert planforslag. Da det er gjort ein del endringar blir saka sendt på ein ny høyring for å få avklart eventuelle motsegn, og få innspel frå befolkninga og lokale aktørar.

Planen i målestokk med føresegner og planbeskriving, og andre sentrale dokument i saka finn du her.

Merknader til reguleringsarbeidet kan rettast til postmottak@bykle.kommune.no eller 
Bykle kommune, planavdelinga, Sarvsvegen 14, 4754 Bykle, innan 14.02.2025.