Nullvisjonen Agder minner om trafikktryggleik for skuleborna

Det er skulestart i desse dagar, og Nullvisjonen Agder minner om at trafikktryggleiken for skuleborna må stå i fokus.

Nullvisjonen Agder minner om trafikktryggleiken i samband med skulestart. - Klikk for stort bileteNullvisjonen Agder minner om trafikktryggleiken i samband med skulestart. Nullvisjonen Agder

– Øv med borna. La dei gå eller sykle til skulen, ver med dei og snakk med dei om kva dei skal passe på, skriv Nullvisjonen Agder i ei oppmoding.

Den oppmodinga må også kunne overførast til alle oss som køyrer bil. Visst skal ein køyre forsiktig året rundt, men skulestart er ei tid med mykje born langs vegane, så me bør alle ha det i tankane når me set oss bak rattet

Sikring i bil

Nullvisjonen minner ellers om at born som må køyrast til skulen skal sikrast rett og godt – også på korte turar. Stikkord er tunne klede, stramme belter og passande bilstol. Bruk bilstol og unngå sittepute så langt det lar seg gjere, sittepute gjev ingen sidestøtte ved en kollisjon, skriv dei.