Nullvisjonen Agder med trafikktryggleiksdag i Bykle
Både Bykle og Valle kommunar er med i Nullvisjonen Agder, som arbeider for å betre trafikktryggleiken og få ned dødstala på norske vegar. Nyleg skipa organisasjonen til trafikktryggleiksdag i Bykle.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 17.09.2024 09:56
Sist endra 17.09.2024 09:56
Elisabeth Spockeli lærer frå seg hjarte- lungeredning.
Ole Birger Lien
Der var alle elevane i Bykle-skulane med, og med seg fekk dei også elevane frå Valle. Nullvisjonen Agder sydde saman eit spennande opplegg.
– Det er så positiv haldning til oss både i Bykle og Valle at utgangspunktet er det aller beste. Så er det ikkje så lenge sidan dei to kommunane vart med i Nullvisjonen Agder. Denne dagen er difor også eit slag “bli kjent”-arrangement, seier Bjørn Ivar Birkeland i Nullvisjonen Agder.
Teori og praksis
Første delen av dagen i Bykle var sett av til ulike foredrag om trafikk og trafikktryggleik. I tillegg vart det tid til pizza på Bykle hotell før alle elevane samla seg ute. I skulegarden var det delt opp i ulike bolkar. Ein plass fekk elevane opplæriong i og fekk prøve seg på hjarte- og lungeredning. Ein annan stad fekk dei prøve korleis det er å sitte i ein bil som bråstoppar, og på ein annan stasjon fekk dei sitte inne i ein bil som velta heilt rundt! Dette, og mykje meir, fekk garantert ein del elevar til å sjå på trafikktryggleik med nye auge.
– Arrangement og dagar som dette driv me mykje på med, så me kjem garantert tilbake til Bykle og Valle med meir, seier Birkeland.