Nok ei veke med leiebil gjennom Bykle-tunnelane
Opplegget med leiebil forbi tunnelane i Bykle skulle eigentleg ha vore over fredag 20. juni, men no er det klart at det blir nok ei veke før trafikken kan gå fritt att.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 19.06.2025 07:31
Sist endra 19.06.2025 07:31

Også frå måndag 23. juni og ut veka blir det opphald i trafikken og køyring bak leiebil forbi Bykle-tunnelane. Så høyrer det med til historien at det ikkje er snakk om omkøyring på utsida av fjella, men køyring bak leiebil gjennom tunnelane. Det betyr at ein må rekne med litt venting, men sjølve køyringa går raskare enn ved omkøyring.
Strengt regelverk
Torgeir Hodne i Statens vegvesen seier at det først og fremst er eit strengt regelverk knytta til trafikk i tunnelar som gjer at løysinga med leiebil må nyttast også neste veke.
– Det er ikkje lov å drive trafikken slik at ein risikerer ein kø som stoppar opp inne i tunnelen. Hadde det vore køyring ute kunne me ha greidd det me skal neste veke med bare trafikkljos, seier han.
Det står att litt arbeid med sideterreng og utvida svingar og dessutan den siste finpussen langs traseen - men alt tyder på at prosjektet kjem i mål neste veke.