Nøgd quizvinnar i Bykle

Godt over 100 menneske deltok i den årvisse påskequizen i regi av Bykle kommune. Vinnaren vart Tone H. Lund.

Tone H. Lund med quizpremien sin. - Klikk for stort bileteTone H. Lund med quizpremien sin.

Svært mange hadde sendt inn rett løysingssetning, “snart er det vår”. Det måtte difor loddtrekning til mellom alle med rett svar. Tone H. Lund frå Bykle vart altså den heldige, og fekk nyleg mikrofiber reisehandkle og dessutan friluftstoalettveske i premie.

– Heilt topp, det blir ikkje lenge til dette utstyret blir med på tur!, slår vinnaren fast.