Nøgd Bykle-ordførar etter heieplansamling på Hovden

Bykle-ordførar Hans Blattmann er nøgd med to dagar med heieplansamling på Hovden nyleg, og meiner at Bykle kommune fekk fram mange poeng som er viktige i samband med tiltaksplanar for å styrke villreinen.

Bykle-ordførar Hans Blattmann (lengst til høgre) er nøgd med heieplansamlinga på Hovden. - Klikk for stort bileteBykle-ordførar Hans Blattmann (lengst til høgre) er nøgd med heieplansamlinga på Hovden. Ole Birger Lien

– Hovudpoenget for oss, og eg trur resten av dalen, er at styresmaktene ikkje må kaste på oss løysingar utan å involvere oss. Dei må lytte til kommunane! Det var eg, og mange andre, klokkeklare på i løpet av samlinga, seier Blattmann.

Han er nøgd med at samlinga vart lokalisert nettopp på Hovden.

– Bykle kommune har vist veg i høve villreinen. Me har kome opp med fleire tiltak lokalt nettopp for å vise omsyn til dyreliv i det heile. Det er difor me håpar det skal vere råd å kome til konstruktive løysingar når det gjeld skiløyper som til dømes Sloaros, ein bruk som opnar for oppkøyring, men der me stenger av når det eventuelt måtte vere dyr i nærleiken. Det fungerte sist vinter, og kjem til å fungere komande sesong, meiner Blattmann.

– Viktig å stå saman

Både under heieplansamlinga og i etterkant strekar Bykle-ordføraren under at kommunane i dalen skal stå saman.

– Utfordringane kan vere ulike, men saman må me finne løysingar som er gode både for villreinen og menneska. Det håpar eg at me skal få til. Dagane på Hovden viste at dette betyr mykje for mange, så her må det arbeidast godt vidare, seier han.

Fylkesordførar Arne Thomassen leia samlinga med stødig hand. - Klikk for stort bileteFylkesordførar Arne Thomassen leia samlinga med stødig hand. Ole Birger Lien Statssekretær i Klima- og miljødepartementet,  Kjersti Bjørnestad, deltok på heieplansamlinga. - Klikk for stort bileteStatssekretær i Klima- og miljødepartementet, Kjersti Bjørnestad, deltok på heieplansamlinga. Ole Birger Lien