No nærmar elgen seg riksveg 9!

Sjølv om snøen enno ikkje har kome nede i dalen, og knapt nok på fjelltoppane, ser ein stadig elg på eller ved riksveg 9. Parolen må vere som alltid - køyr forsiktig og hald augene oppe!

Vinteren er i kominga, og risikoen for viltpåkøyrslar aukar. - Klikk for stort bileteVinteren er i kominga, og risikoen for viltpåkøyrslar aukar. Ole Birger Lien

Kvar vinter smell det både her og der langs riksveg 9 og på andre vegar. Viltpåkøyrslar er noko ein ikkje tykkjest få bukt med. Så har den stadige utbetringa av riksvegen oppover dalen hatt ein fin bonus - også sideterrenget er fiksa på og no meir oversikteleg enn nokon gong. 

“Høgsesong”

Likevel skjer det stadig viltpåkøyrslar, og spesielt elg er ein risiko. No, når haust snart går over til vinter, det blir mørkare og mørkare, og det også kan vere glatt på vegen, går me inn i “høgsesongen”. Alle statistikkar viser at det er i perioden oktober-februar det skjer flest påkøyrslar.

Hugs å varsle

Det er i utgangspunktet ikkje eit lovbrot å kollidere med vilt, men det er lovbrot å ikkje melde frå om det. Ein skal alltid ta kontakt med politiet på tlf 02800 - så varslar dei viltnemnda og andre aktørar.

 

HER kan du lese meir om retningslinene ved viltpåkøyrsel.