No kjem vaksinene mot korona og influensa

I starten av oktober kjem årets vaksiner mot influensa og korona.

Det er ei ny og oppdatert koronavaksine som kjem, og altså vaksine mot sesonginfluensa. Koronavaksina er gratis. Dei som ynskjer influensavaksine må betale det sjølv. For personar i risikogrupper er prisen 106 kr. I tillegg kjem ein eigenandel på 64 kr. viss ein ikkje har frikort.

65 år og eldre

Målgrupper for koronavaksine er dei som er 65 år og eldre, og dei som bur på sjukeheim. Folk mellom 18-64 år som mer i ei risikogruppe er også målgruppe, og alle mellom 12-17 år med alvorleg grunnsjukdom. Dei mellom 6 mnd-11 år med alvorleg grunnsjukdom kan vere aktuelle etter individuell vurdering. I tillegg er gravide i målgruppa for koronavaksine, og personar som bur saman med immunsupprimerte. Dei i Bykle kommune som ynskjer seg vaksine må kontakte legekontoret og tinge seg time.

For meir informasjon om koronavaksine, influensavaksine og kikhoste - sjå HER