No kan kvinner i Bykle og Valle ta livmorhalstest heime
For kvinner som tykkjer det er krevjande på ta livmorhalsprøve hjå fastlegen, er det no ei råd både i Bykle og Valle å ta dette som ein heimetest.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 04.03.2025 13:05
Sist endra 08.05.2025 13:48

Det betyr at både ved legekontoret på Hovden og i Valle kan ein få HPV heimetest, som ein altså tar med seg og kan ta på eiga hand.
– Me har det som trengst både i Bykle og Valle, seier kommuneoverlege i Bykle og Valle, Benedicte Severinsen.
For dei som vil ta testen heime er det bare å kontakte legen sin.
Meir om heimestesten kan ein lese på hpvhjemmetest.no
HER er meir informasjon om livmorhalsprogrammet.