No kan du sjølv bestemme kor jamnt du vil betale kommunale avgifter

Kommunestyret i Bykle vedtok på tampen av fjoråret at faktura på kommunale avgifter skal sendast ut ein gong i månaden. Men ein kan velge ei anna løysing.

Jorunn Andersen i Bykle kommune er kontaktperson ved spørsmål om fakturering av kommunale avgifter. - Klikk for stort bileteJorunn Andersen i Bykle kommune er kontaktperson ved spørsmål om fakturering av kommunale avgifter. Ole Birger Lien

Månadleg fakturering er altså regelen, men den som ynskjer å betale sjeldnare, og då litt meir om gonga, kan det.

– Ein kan velge standardløysing med 12 gonger i året, seks gonger i året, to gonger i året eller ei årleg innbetaling. Viss ein vel to gonger i året kan det gjerast bare i juni eller desember. Ei årleg innbetaling kan bare velgast i desember, seier Jorunn Andersen i Bykle kommune.

Under innarbeiding

Endringa i fakturaopplegget er no under innarbeiding. 

– Omlegginga kan ta ei stund. I tillegg kjem omlegging av rekneskapssystem, difor blir faktura for januar forsinka, og faktura for februar kjem ganske raskt etter januar-fakturaen. Frå mars av er den nye ordninga på plass, seier Andersen.

HER kan ein inn og velge seg kor jamnt ein vil ha faktura.