
Hovudmålet er langsiktig, kommersiell utleige av anlegget med alt av bygningar og infrastruktur slik at anlegget kan by på eit aktivt tilbod til både fastbuande og tilreisande.
– Noko opprydding i området på anlegget må påreknast. Me ynskjer ein avtale på plass slik at det kan bli start på aktivitetar til våren, seier dagleg leiar i Bykle nærings- og utviklingsselskap, Torvald Gautland.
Han legg til at alt av løyve og godkjenningar for drift av skytesenter, tilpasningar og liknande, er leigetakar sitt ansvar.
Lokalt samarbeid viktig
Den som er interessert i å leige anlegget, må sende inn ein plan med eit enkelt oppsett av korleis ein ser for seg drifta.
– Det er viktig at samarbeid med lokale lag som jeger- og fiskelag og skytterlag, blir ivareteke. No håpar me at det er mange interesserte, seier Torvald Gautland.
Har nokon spørsmål eller vil på ei synfaring ved anlegget kan ein ringe Gautland på tlf 90079898 eller via epost: torvald@badeland.no
Frist for å søke om å leige anlegget er sett til fredag 17. januar klokka 12 - og søknaden må sendast på epost til Torvald Gautland.