No gjeld den ekstraordinære bandtvangen heile Bykle kommune

19. februar innførte Bykle kommune ekstraordinær bandtvang som galdt hyttefelt, bustadfelt og skiløyper. No blir bandtvangen utvida til å gjelde alt areal i kommunen.

Bykle kommune utvidar den ekstraordinære bandtvangen til å gjelde alt areal i kommunen. - Klikk for stort bileteBykle kommune utvidar den ekstraordinære bandtvangen til å gjelde alt areal i kommunen.

Den utvida ekstraordinære bandtvangen held fram like til ordinær bandtvang gjeld frå 1. april.

– Bakgrunnen for avgjersla er dei krevjande forholda for villreinen. Laussnø er ikkje problemet lenger, men nediste beiteområde dei fleste stader, seier Sigrid Bjørgum i Bykle kommune.

Unnatak

Den ordinære bandtvangen i Noreg gjeld frå 1. april til 20. august. I Bykle kommune gjeld bandtvangen til 15. oktober. I bandtvangen som no er innført er det unnatak for hundar i teneste, dresserte gjetarhundar og dessutan hundar som blir nytta til dømes i ettersøk etter eit sjukt dyr.