No er stillinga som folkemusikklærar i kulturskulane i øvre Setesdal lyst ut

Både som bidrag til kulturskulane men også som del av det omfattande Unesco-prosjektet i øvre Setesdal skal det tilsettast folkemusikklærar som får sitt virke i både Valle, Bykle og Bygland. No er stillinga lyst ut.

Kulturleiar i Valle kommune, Torunn Charlotte Nyberg, håpar mange søker stillinga som folkemusikklærar i kulturskulane i Valle, Bykle og Bygland. - Klikk for stort bileteKulturleiar i Valle kommune, Torunn Charlotte Nyberg, håpar mange søker stillinga som folkemusikklærar i kulturskulane i Valle, Bykle og Bygland. Ole Birger Lien

Stillinga er i utgangspunktet eit treårig prosjekt, men det er god sjans for å få forlenga oppdraget. 

– I 2019 var vi så heldige at spel, dans og song i Setesdal vart innlemma på UNESCO si representative liste for immateriell kulturarv. Dette har skapt spennande mogelegheiter for kommunane i Setesdal. No er me på jakt etter nokon som vil vere med på å vidareutvikle tradisjonen og miljøet, der opplæring og rekruttering av barn og unge står i sentrum! Den som får stillinga skal virke som kulturskulelærar i alle tre kommunane. Det kan også vere ei aktuell løysing å tilsette to personar som deler stillinga, seier kulturleiar i Valle kommune, Torunn Charlotte Nyberg.

Ho legg til at viktigare enn om det blir ein eller to personar er det å finne dei rette ressursane og den kompetansen ein er ute etter.

– Det er stor interesse for folkemusikk i kulturskulane. Det må me gjere oss nytte av. Også i ein Unesco-samanheng er rekruttering og forvaltning av kulturarven avgjerande, slår ho fast.

Ei “gulrot” for den eller dei som får stillinga må det vere at Landskappleiken for første gong i historien skal skipast til i Setesdal, på Hovden i juni 2026. Det blir eit heidundrande høgdepunkt både for utøvarar og alle andre som har med folkemusikk å gjere!

Breid tilnærming

Stillinga, som får sitt hovudvirke i kulturskulane, skal samarbeide med lokale krefter i dei tre kommunane.

– Grasrota må mobiliserast. Me ynskjer å legge til rette slik at born og unge får oppleve den lokale kulturen som ein naturleg og sjølvsagt del av oppvekst og identitet. Så må dei som verkeleg ynskjer å satse få sjansen til det. Dette betyr at det er ei stilling med svært variert og spennande innhald som no er lyst ut, seier Nyberg.

Søknadsfristen på stillinga er sett til 3. mars. 

Kontaktinformasjon: Torunn Charlotte Nyberg, leiar Kultur og fritid Valle kommune

e-post: torunn.charlotte.nyberg@valle.kommune.no

 tlf. 970 61 587

HER kan du søke på stillinga