No er NM-avisa på veg ut til folket!

NM på ski del 2 blir skipa til på Hovden i slutten av mars. No er arrangørklubbane Bykle IL og Hovden Sportsklubb klar med NM-avis. 

Avisa, som alt i alt er på 40 sider, inneheld ei rekke saker knytta til sjølve meisterskapet, men også anna stoff ein får tru kan vere av interesse. 

– Meininga har vore å få til ei avis som både treff skifolk men som også skal vere interessant for dei som ikkje utan vidare er så interesserte i NM og alt rundt det. Eg meiner me har fått ei flott avis for dei aller fleste her, seier NM-koordinator Roar Hjelmeset.

I postkassa

NM-avisa skal delast ut gratis i dalen og ikkje minst på Hovden under NM - og kjem også i postkassa til folk i Setesdal med det første.

– Så håpar eg at dette blir ei fin “opplading” før meisterskapet me gler oss veldig til, seier Hjelmeset.

HER kan ein inn og lese avisa digitalt.