No er Kulturpatrulja i gang!
Kulturpatrulja i Setesdal er no i gang med sommarturneen sin, og har framsyningar rundt om like til 25. juli.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 15.07.2025 09:55
Sist endra 15.07.2025 09:55

Gjengen byrja på Setesdalsmuseet på Rysstad 7. juli, og dessutan ved Bykle gamle kyrkje seinare same dagen. No går det slag i slag dei fleste dagane i perioden. Frå Rysstad til Bykle, på Hovden til Evje, Kulturpatrulja viser seg dei fleste stader i sommar! På plakata i dette oppslaget ser ein turnelista, så her er det bare å sette av tid og møte opp!