No er drifta i gang på Hegni

Nicoline Kjær skal drive Hegni på Hovden i sommar, og er no i full gang!

Nicoline Kjær skal drive Hegni i sommar. - Klikk for stort bileteNicoline Kjær skal drive Hegni i sommar. Signe Sollien Haugå

I kiosken kan ein få kjøpt seg alt frå sandwich til heimelaga kaker, is og kaffi. Med den flotte badestranda like ved, og dessutan leikeplass og trampoline for dei yngste, ligg alt til rette for fine dagar i sommar!

– Me leiger ut kano, pedalbåt, kajakkar, robåt, SUPbrett og snart motorbåtar. Fastbuande born og ungdom under 18 år kan låne det dei vil gratis, men då må foreldra først kome og signere eit eigenerklæringsskjema, seier Nicoline Kjær.

Gratislånet er eit resultat av sponsing frå Bykle kommune.

Bubilcamp

På plassen er det også bubilcamp med plass til åtte bilar. Det er ope kvar dag mellom 11-18 fram til 18. august.