NAV-kontoret i Bykle stengt måndag

På grunn av vanskelege køyreforhold er NAV-kontoret i Bykle stengt måndag 22. januar.

NAV Bykle er stengt måndag 22. januar. - Klikk for stort bileteNAV Bykle er stengt måndag 22. januar. Ole Birger Lien

Kontoret skulle etter planen ha vore ope mellom klokka 12-14, men dei tilsette har beint og greitt ikkje makta å kome seg på jobb langs såpeglatte riksveg 9. 

Kan ringe

Viss ein ikkje kan utsette kontakta med NAV, og ein treng bistand i opningstida mellom 12-14, kan ein kontakte avdelingsleiar Gyro Heia på mobil 917 17 521 eller ringe NAV kontaktsenter på 5555 3333.