Nasjonaldagsfeiringa i full gang på Hovden!

Med tettpakka program samlar folk øvst i dalen seg no til 17. mai-feiring på Hovden. Festen er alt godt i gang!

Flott folketog på Hovden 17. mai 2025! Helga Jacobsen

Flott folketog, talar, leik og moro for dei minste - ikkje minst iskrem i det strålande veret, og eit variert program i Hovden grendehus - byklarane veit å markere nasjonaldagen! Feiringa held fram utetter dagen - me kjem med meir frå 17. mai-festen i Bykle over helga!