Nasjonal test av nødvarsel onsdag 10. januar klokka 12
Onsdag 10. januar klokka 12 kjem det til å blåse sirener og ringe varsel på mobiltelefonar landet rundt. Då skal Nødvarsel på mobil og Sivilforsvaret sitt varslingsanlegg i landet testast.
Onsdag 10. januar er det nasjonal test av tyfonar og nødvarsel via mobil.Det er politiet som sender ut nødvarsel via mobil. Sivilforsvaret testar tyfonane med signalet “Viktig melding - søk informasjon”. I alt er det plassert ut kring 1250 tyfonar landet rundt. Det betyr at samstundes som tyfonane uler, kjem mobiltelefonar til å vibrere og spele av eit høgt lydsignal.
Til alle nye telefonar
Mobilvarslinga går til alle nyare og oppdaterte mobiltelefonar. Viss ein ikkje ynskjer varsel, må ein sette mobilen i flymodus eller slå den av. Lydløs-modus er ikkje nok, den innstillinga blir overstyrt av varslinga.
HER kan ein lese meir om nødvarsel.
Publisert 09.01.2024 13:11
Sist endra 09.01.2024 13:11