Næringsrådgjevar i full sving i Bykle kommune

Markus Lund er i gang som næringsrådgjevar i Bykle kommune, og arbeider med alt frå Enøk-saker til ulike prosjekt elles.

Markus Lund er i sving som næringsrådgjevar i Bykle kommune. - Klikk for stort bileteMarkus Lund er i sving som næringsrådgjevar i Bykle kommune. Signe Sollien Haugå

42-åringen, opphaveleg frå Sverige men busett i Noreg dei siste 20 åra, bur i dag på Evje og pendlar til Bykle. 

– Det er nok å henge fingrane i, og det er eg glad for, seier han.

Siviløkonom

Lund er utdanna siviløkonom, og har tidlegare drive eiga verksemd innan bygg og eigedom, og dessutan vore pensjonsrådgjevar i Storebrand.

– No er det Bykle kommune som gjeld. Viss nokon har spørsmål til meg er det greiast å sende meg ein e-post, så tar eg tak i spørsmål og saker fortløpande, seier Markus Lund. 

HER kan ein sende e-post til næringsrådgjevaren.