Næringsmøte i regi av Bykle kommune i dag

Næringsavdelinga i Bykle kommune skipar til næringsdag på Bykle hotell måndag 11. november. Der er verksemder og gründarar både frå Bykle og Valle vere med!

Næringsdag i regi av Bykle kommune 11. november. - Klikk for stort bileteNæringsdag i regi av Bykle kommune 11. november. Ole Birger Lien

Frå Innovasjon Norge kjem Ellen Saltermark, Pågang næringshage stiller med May-Lill Skjeggedal og ikkje minst Tor Borgar Hansen kjem frå Skattefunn i regi av Forskingsrådet. 

Aktørar frå Bykle og Valle

Frå Bykle kommune er både ordførar Hans Blattmann og fungerande næringssjef Signe Sollien Haugå på plass. Frå Valle deltar mellom andre rådgjevar næring Åse Ingebjørg Flateland.  Tema for dagen er mellom anna gunstige ordningar som kan vere aktuelle for å utløyse vekst og lønsemd, som kan vere nyttige i høve å utvikle nye idear eller starte med nye produkt.