Næringsbesøk til landbruket i Bykle kommune
Nyleg var Bykle-ordførar Hans Blattmann og varaordførar Merethe Hjemdahl rundt om på ny runde med næringsbesøk i kommunen. Denne gong handla det om lokalt landbruk.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 26.01.2024 13:34
Sist endra 26.01.2024 13:34
Bykle kommune på næringsbesøk på Ørnefjell. Frå venstre: Signe Sollien Haugå, næringsavdelinga, Sten Terje Bakken, bonde, ordførar Hans Blattmann, kommunedirektør Karina Sloth, varaordførar Merethe Hjemdahl og Markus Lund, næringsavdelinga.
Sigrid Bjørgum
Med seg i fylgjet hadde dei både kommunedirektør Karina Sloth, næringsavdelinga og landbruksrådgjevar. Dei var innom gardsbruk både i Trydal og på Ørnefjell for å sjå korleis lokale bønder driv, og for å få med seg innspel om kva det lokale landbruket ser av utfordringar og potensiale.
Gode ordningar
Bøndene peika på gode tilskotsordningar i kommunen, ordningar ein er oppteken av å bevare. Fleire streka under at god dialog mellom kommune og landbruk er avgjerande for godt samarbeid og utvikling. I tillegg vart det peika på at beitedyr versus turisme kan skape utfordringar, men at det er god balanse i dag.
Varaordførar Merethe Hjemdahl i nærkontakt med landbruket.
Karina Sloth