Mykje på gang i Bykle i innspurten til TV-aksjonen 19. oktober
Årets TV-aksjon blir skipa til sundag 19. oktober, og fram til startskotet går skal mykje gjennomførast i Bykle kommune. Først ut er ein frisk tur til gapahuken ved Juvet.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 08.10.2025 10:07
Sist endra 10.10.2025 08:19

På den turen, som er sundag 12. oktober, er ordførar Hans Blattmann med. Meir om opplegget kjem me tilbake med i ei eiga sak. Men det er fleire ting i vente! Onsdag 15. oktober blir det skipa til skuleløp ved Bykle barne- og ungdomsskule til inntekt for TV-aksjonen, og fredag 17. oktober gnur Bykle barnehage til med lappesteiking- og sal til lokale verksemder. Dei tar imot bestillingar torsdag 16. oktober, og leverer ut dagen etter.
Ut klokka 12
Sundag 19. oktober er altså sjølve dagen. Då går bøsseberarane ut klokka 12. I tillegg til kontantar i bøssa kan ein nytte Vipps.
Vil du vere bøsseberar? HER KAN DU REGISTRERE DEG.