Møte i Suleskarvegensamarbeidet
Suleskarvegensamarbeidet hadde nyleg møte på Sølvgarden hotell på Rysstad.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 28.05.2025 09:22
Sist endra 28.05.2025 09:22
Framme frå venstre: Olav Haugan Vindal - reiselivskonsulent Tokke, Tone Vaule - ordførar i Bjerkreim, Isak A. Liland - varaordfører i Sirdal, Anne Wikøren - koordinator for samfunnsutvikling og næring Sirdal, Marit Høie, utvalgsleder kultur og samfunn Gjesdal, Margit Dale - varaordførar i Valle, Jarand Felland - ordførar i Tokke, Børge Skårdal – koordinator/sekretær for prosjektet, Unn Hovden, repr. for Bykle kommune, Torleif Homme, repr. for Valle kommune.
Suleskarvegensamarbeidet
Kommunane Tokke, Bykle, Valle, Sirdal, Bjerkreim og Gjesdal samarbeider om å fremje Suleskarvegen frå Høydalsmo i aust til Ålgård i vest. Marknadssamarbeidet er uformelt, og samarbeidsgruppa møtest ein gong i året. I gruppa finn ein både folkevalde som har ei overordna rolle og administrative representantar som ser til drift av nettside, skilt, brosjyre og annan marknadsføring.
Rullerer mellom kommunane
Årssamlinga rullerer mellom kommunane i samarbeidet, og i år var det altså i Valle kommune gruppa samla seg. Med flott kulturprogram på Sylvartun der spelemann Hallvard T. Bjørgum både spelte og fortalde, og god bevertning på Sølvgarden hotell - vart det ei god samling til beste for vegen som bind saman aust og vest.